Aktivitetar
|
Foto:Elin Engelsvoll |
Ryfylkekokken - Dyktig, grundig og munter Bli med Ryfylkekokken Frode Selvaag på ei matreise med det beste frå Ryfylke.Bland saman kunnskap og humør og du får ei herleg suppa! Er du på jakt etter gode historier gjerne i kombinasjon med moderne og tradisjonell mat? Har du lyst å ha det ekstra kjekt rundt bordet, ja då er Ryfylkekokken mannen å ha med på laget.
|
![]() |
Matshow Le med mat i munnen! Med beste samvit. Når Frode Selvaag lagar mat saman med karar som Tor Øyvind Skeiseid, Arne Nordbø Passar for opp mot 100 personar, der Frode og kompanjong jobbar tett på folk. |
|
|
Matkurs Bli med Frode til kjøkkenbenken. Lag mat og kjenn på sjølvtillit! Still spørsmål og prøv deg fram! Passar for 4-25 personar om gongen. Ryfylkekokken tilbyr kurs og kompetanseheving innan mat og drikke til folk, men også verksemder. |
|
|
Selskapskokken Hjelp! Kven skal koka? For kven bør ta ansvaret for bedriftmiddagen, jubileumsfesten eller for den del utelunsjen? Passar for alt og alle. |
|
|
Kor i holaste e potetene henne? Bli med på ei musikalsk matreise med Ryfylkekokken Frode Selvaag og humorist og visesongar Torolf Nordbø. Kall det musikalsk matshow, kulinarisk humor eller kva du vil. Førestillinga er ekte, lun, jordnær og direkte. Målet er å metta magen, senka skuldrer og nyta tida. Torolf og Frode har ulik bakgrunn når det gjeld opphav og mat. Men likskapen mellom Torolf og Frode er likevel større enn ein skulle tru. Velkomen til ei kulturoppleving, som skil seg ut frå det meste du har vore med på. Bli heller ikkje overraska om Han Innante kjem innom med sine ”matfaglege” råd og tips.
Passar for alt og alle. |





