Boka «Jul i Ryfylke» – den ekte julegåva i år!

 

Tilbakemeldingane er fantastiske. Folket blir glade, inspirerte og engasjerte når dei les Jul i Ryfylke, matreisa med Frode Selvaag og Tor Øyvind Skeiseid. Du får tak i boka i mange utsalsstader i Stavanger, Haugesund, Ryfylke og Vindafjord. Sjå oversikt over utsalsstader her.

 

Gled deg med pinnakjøt frå Sauda, julebakst frå Jørpeland og historisk grisesus frå Klostergarden. Møt lakseprinsessa, juletreentusiastane, søstrene Allergi og ungararen som aldri vil flytta frå Ryfylke. Tenk at Magnhild og Marit Meltveit hadde pølse og potetstappe som julemiddag i barndomen og at redaktøren i Suldalsposten berre må ha grilla kylling når andre juledag kjem. Høyr om katten og hanen som åt av same skåla under juletreet, at sørlandsjul ikkje er ekte jul, om grisetunger og delfiakake, skomakarjul og heftige smultringar. Og sjølvsagt mange oppskrifter.

Jul i Ryfylke er boka for deg som vil le, læra, undra og bli inspirert.

Boka kostar 450 kroner.

Du kan også bestilla boka av cathrine@ryfylkekokken.no eller tor@ryfylkelivsgnist.no

Eller 982 06 333

Kanskje du vil ha den signert og med ei helsing?

Her kan du sjå ein liten filmsnutt om korleis prosessen med å laga boka har vore!

Ryfylkekokken, 2020

  • Instagram
  • Grey Facebook Icon